Om LIND emp

Velkommen til LIND emp! Vi er din støttespelar i møte med både privat og offentleg sektor. Med brei kompetanse og solid erfaring er vi her for å hjelpe deg med dine spørsmål og problemstillingar. Bli bedre kjent med oss og kva vi kan tilby.

Vi er tre grunnleggarar som gjennom liv og virke har sett at det ofte er ei brikke som manglar i høve det å få kvardagen til å gå opp både for enkeltpersonar og for pårørande. Vi har eit flott velferdsamfunn, men somme tider kan ikkje hjelpeapparatet stille opp. Der blir eit gap mellom det som kan kjennast som eit behov og det som vert rekna som eit rettigheitsmessig behov, og der ynskjer vi å vere ein medhjelpar. Tilsaman har vi lang erfaring og utdanning innan områda økonomi, helse-og sosialfag og rådgiving.

Hos oss kan du vere trygg på at all informasjon vert behandla konfidensielt og fortruleg.

Historie bak firmanavn

Ordet Lind betyr mild, rolig og trøystande. Ordet vert assosiert med lindetreet som symboliserer beskyttelse, varme og omtanke i nordisk tradisjon.
E M P er både forbokstav til grunnleggarane, og forbokstav til orda engasjement, meistring og profesjonalitet - som er bodskapen vi ynskjer å formidle

Kva vi kan hjelpe deg med

Vi hjelper deg med:

  • Enkel teknologiopplæring
  • Søknadshjelp
  • Personleg assistanse
  • Samtalepartner
  • Enkle praktiske gjeremål

Varme, omsorg og støtte

Vårt mål er at du skal kjenne deg godt ivareteken.
Vi er her for å lytte, forstå og finne løysingar som passer for deg. Ta kontakt for en uforpliktende samtale og la oss sjå korleis vi kan hjelpe deg.

Eirin Liadal

Madsi Vinjevoll

Paul - Inge Steinnes